Vi vil gjerne betale ting i god tid, og du kan hjelpe til for å få det til å gå glatt.

Først, kor skal faktura sendast, digitalt?

Fakturamottaket vårt er tgbilag [alfakrøll] kandu [punktum] no. Denne adressa blir lest av ein robot som lagrar alle vedlegg i ei mappe pluss registrerer inn i postarkiv osv. Spørsmål som sendast hit kan ikkje forventast besvart.

Alternativ innsending, via post (døde trær-versjon av faktura)

Dersom du absolutt vil sende fysiske faktura, send til:
KANDU
Att. The Gathering
Kolstadgata 1
0652 Oslo.

Merking av faktura

Alle faktura bør innehalde informasjon om budsjettpost og kven hjå TG/KANDU som veit om kostnaden.

Døme: Budsjett 934 / Harald Christiansen

Budsjettpostar: Oversikt over budsjettpostar

Krav til bilag

Bilaget (faktura) dokumenterer kostnaden. Vi er etter norsk lov pliktig å ha god dokumentasjon for alle utgifter og inntekter organisasjonen har. Dette betyr at vi kjem til å avvise faktura kor det ikkje er underlag. Dersom det er ei enkel linje med «Diverse varer» eller «Etter avtale», vil dette ikkje oppfylle våre krav og fakturaen vil ikkje bli betalt.

Tekniske krav til faktura:

  • Selgjar (bedrift: namn på selskapet, organisasjonsnummer, adresse)
  • Kva som er kjøpt (ikkje berre generisk som «diverse mat» eller «diverse varer»)
  • Sum betalt, med meirverdi utrekna
  • Fakturadato og forvallsdato (sjå under)
  • Leveransedato
  • Budsjettpost
  • Kontaktperson hjå TG/KANDU

Dersom det gjeld ein ordre med mange varer, vil vi forvente at det leggjast ved ordrebekreftelse som viser når ordren er plassert, og av kven.

Når blir det betalt?

Meisteparten av inntektene våre kjem inn på konto 45 dagar etter at arrangementet er gjort opp, grunna juridiske krav for arrangementbillettar. Dette betyr at vi i berre avgrensa grad kan førehandbetale. Vi stiller dog gjerne med kredittsjekk, bankinformasjon eller liknande som viser at vi har godt med eigenkapital og alltid gjer opp for oss.

Dersom levering av varer til The Gathering skal førehandbetalast, må dette godkjennast av økonomiansvarleg på førehand då vi må setje av pengar i likviditetsplanen.

Uansett om førehandbetaling er godkjend, vil frister på forfall under 14 dagar bli ignorert med mindre dette spesifikt er avtalt med økonomiansvarleg på førehand.