Helsing frå varme syden! Vi er sju folk frå KANDU som har reist til Bilbao i Spania for å oppleve 21 gradar og regn her på datapartyet Euskal Encounter 27

 

EE er eit dataparty som vart starta i 1994, og har lange røtter til demoscenen og dataparty-miljøet oppe i Skandinavia. Dei har blitt heile 5000 deltakarar og liknar på mange måtar på The Gathering og andre slike arrangement, men er samstundes veldig forskjellig.

 

Vi er her for å lære av korleis dei gjer ting, kva vegval dei har tatt over åra og utveksle erfaring. For det har vi med oss mange ulike folk; sju personar med ulikt perspektiv:

  • Andreas-Johann, økonomi på TG og Forretningsutval-medlem
  • Bjørn Petter, styreleiar
  • Karl Fredrik, nestleiar
  • Erik Vågslid, kontrollkomitémedlem og game-fyr på TG
  • Harald, fagleiar på TG
  • Marit Kristine, fagleiar på TG
  • Simon, leiar av KANDU si kommunikasjonsgruppe (og samme på TG)

 

Torsdag starta med å sjå litt på Euskal. T-bana stoppar rett på utsida av B!E!C! og basert på Discord-chatten til deltakarane er vi førebudd på den laaaaange køa som folk sutrar over. Vi ser ingen. Vi går inn svære dører. Heilt stille, men ein vaktmeister sopar golvet og ei sikkerheitsvakt dyttar på ein konteinar. Ekko…. kor er folk?

 

 

Vi vandrar lengre enn lengst, forbi hall 1, hall 2.. og der plutseleg, ei akkrediteringskø! Heile 50 folk. Hm… skulle ikkje ca 5000 folk vere i kø her? Vi går bort til akkrediteringsdesken, og etter leiting etter nokon som nesten kan engelsk, er det null problem. Fram med førarkort, kløing i hovudet over kva som er “your natinal ID number” på 15 siffer.. så får vi snakke med ein person med Org-skjorte på seg, og ho har ein papirlapp med namna våre på! Win!

Med ID-kort rundt halsen (vi er forøvrig arrangørar #57 til og med 63 på arrangementet) går vi rundt på golvet og ser på masse rart. Det første som møter oss er synet av sponplater på bukker (ikkje pallebord), og sjølvsagt – gaffa bordplater for komfort. <3. Men idet vi tenker at dette er som eit heilt vanleg norsk dataparty ser vi tjukke pølser av nettverks- og straumkablar liggnade på golvet. “Brannvesenet ville IKKJE ha godkjent dette” er første Harald seier. Alle andre nikker og tenker “gale spanjolar.” Så ser vi bort på eit meter-høgt rackskap, med ein SKOKK kablar som går i alle retninger. Gale spanjolar.

Dei er sjukt heldige her dog, med kabling som kan gå rett ned i golvet, kabelrenner er “overalt” frå før av.

Etter ein god runde på golvet i party-hallen gjekk vi over til side-arrangementet, Opengune. Dette er ei datamesse-ish kor det er semi-esport-konkurransar, droneracing, 3D-opplevnadar, butikkar, stands… og ein blodbuss. Og øl-vogn. Gale spanjolar.

Lønsjtid nærar seg, og vi ser etter noko meir å fylle magen med enn potetchips og sjokolade som du kan få frå automatar utplassert overalt (som sjølvsagt berre tek euro-myntar noko nordmenn på utlandstur som er vand til at alt tek kort, ikkje har). Ute i fellesarealet er det ein buffetrestaurant, men ingen folk der. Mørkt. På slaget 13 startar siesta/lønsj og plutselet er det nokre hundre folk i kø. Jaja. Vi går opp, og det er eitt alternativ: tre-rettars lønsj som du tek frå buffeten. Trass alt, lønsj er jo det viktigste måltidet her i Spania.

Vi går nedover køa og forsyner oss av ein forrrett, ein hovudrett og ein dessert. Marit kviskrar “ehm… sin gluten?” til ein i beteninga, og dei klør seg i hovudet, ,forsvinn på bakrommet og er der eit kvarters tid før ho kjem tilbake med noko mat utan gluten. Kassamanne ntek sjølvsagt ikkje kort [igjen, nordmenn som ikkje er vand…], men etter litt kronerulling får vi slengt €70 på bordet og går og êter. Det ser ut som at ca heile partyet er her òg, for restauranten er svær og stappfull i to timar.

 

Etter lønsj møter vi sjefen for Euskaltel, “det baskiske Telenor”, ein representant for baskiske regjeringa, eit utval av arrangørar og folk med diverse fagområder. Vi blir spurt om kva vi vil ha til drikke; kaffi, te, kakao, vatn.. eller øl. Frå øl-vogna backstage.

 

Vi sjekker litt reglane, og joda – totalt alkoholforbod. Men med øl-vogn i begge hovudhallene. Vi spør om dette, og får som svar «det er totalforbod for alkohol i dataparty-hallen. Forresten, ville ikkje du ha noko å drikke? Eg kan hente ein kaffi, vatn eller øl om du vil ha det.» Gale spanjolar.

I to timar snakkar vi med arrangørane. Når vi kjem inn på statsstøtte som emne fortar dei oss å be om å nemne det til regjerings-representanten som vi møtte tidlegare. Ho får store auge og blikket ho ga til Sabino i Euskal var tydeleg: “dette er eit ikkje-tema.”.

 

På veg ned på gølvet igjen går vi forbi Tech, med sine.. fem crewmedlemar. To personar har ansvar for maskinparken og infrastruktur, to personar har svitsjar og ein person har tech-support og kabling. Rackskapet er sjølvsagt heimemekka, snekra sjølv og kjem på pall. Det blir sendt rundt på fem parties i året og fjernstyrast via ein raspberry pi med VPN. Alt er dobbelt, og på kvar side er altså… ein enkelt datatenar, som køyrer masse virtuelle maskiner. Alt er som sagt dobbelt, og for å illustrere dette trekkast ein fiber ut og eine sida dett ned, og ein ting migrerast frå eine sida til andre – utan at streamen på scena hakkar eingong.

Vi får lang introduksjon, og etter ei stund kjem dei på “oi, ja.. vi har Hack-konkurransen vår, og 50 folk sit på ved Tech-scena og ventar på at vi skal gå opp og snakke om konkurransa vår.”, så dei går bort og lanserar den. Ja tech har eigen scene. Gale spanjolar.

 

Men no er det på tide å gå vidare. Vi kjem tilbake med nytt lesarbrev.. i framtida.

 

Bilbao-sjølfi