Frå 1. januar 2018 vart tariffvilkår almenneleggjort for alle i hotell/overnatting og catering/matproduksjon-sektorar. Det betyr at alle som jobbar i desse sektorane skal ha tariff.

Samstundes vart det frå 1. januar 2018 innførd ei påseplikt. som regulert i Forskrift om informasjons- og påseplikt m.v §6.  Kort fortalt betyr det at i alle tilfelle kor KANDU skal ende opp med å betale for mat laga av nokon som får pengar for å lage maten, eller overnatting kor nokon får betalt for å sørge for overnattinga (vasking, resepsjon osv), er KANDU ansvarleg for at lovkrava blir fulde.

Ingen utlegg blir refundert om leverandøren bryt lova

Dersom du handlar noko som er dekka av dette punktet, vil ikkje KANDU refundere utlegget.

Bestill gjerne frå bedrifter som ikkje står i leverandørregisteret

Vi vil gjerne at leverandørregisteret skal bli større og større, og vi ynskjer ikkje at ein låser seg fast til store nasjonale kjeder. Det er veldig lett å få fleire inn på leverandørregister-lista; berre send dei skjemaet vårt, så får du ofte dette returnert i løpet av ein dag eller to. Dersom du skal no ut og kjøpe mat, ring dei og sei at du ynskjer å leggje dei til som leverandør til KANDU, og i samband med hentinga av mat/overnattinga/restaurantbesøket må du ha signert eit dokument kor det står at dei ikkje bryt norsk lov. Lever så inn dette skjemaet til oss – anten på førehand eller saman med utlegget ditt :-).

Leverandørregister: desse veit vi har alt i orden

Du kan utan vidare arbeid bestille tenester frå desse:

 

Video

Virke har laga ei bra nettside som skildrar Påseplikta, og ein rask infovideo.